Minneord over skipper og ishavsreiar Paul Egil Stark

Fredag 12. september 2014 døde Paul Stark etter at helsa hadde vorte dårligare i fleire år.

Det tynnest ut blant Ishavets glade gutar. Og Paul var ein av dei gladaste, fleire og 50 turar, fangsta på alle felt, tre forlis og han hadde gått gradene frå fangstmann via skyttar til skipper og reiar.

Paul var ekte Tromsøgut, fødd 19.03.34 på Strandveien. Han begynte på ishavet i 1950, om bord i «Askeladd 1», skipper og reiar Kristoffer Angelsen. Det var eit heldig møte, i løpet av dei  neste 20 åra vart det mange turar med «Askeladd 1»  for Paul. Han sa at det var Kristoffer Angelsen som hadde lært han det grunnleggande om sel, is og fangst.

«Første gang eg oppleve natt med stille vær, is og middnattsol, så gjorde det eit sterkt inntrykk på meg», fortalte Paul mange år etterpå. Det inntrykket kombinert med interesse for fangsten og ein stor og sterk kropp, gjorde Paul Stark til ein effektiv fangstmann, som etter nokre få år begynte å reise som skyttar. Utanom selfangstsesongen var det fiskeri og bruksvakthold, men det var ishavet og selfangsten som låg hjartet nærast, og det er som ishavsmann han vart kjend.

I 1970 reiste Paul som skipper på Rieber si skuta «Blueback» på sommarfangst i Nordisen. Det vart både ein minnerik og god tur. Denne turen var nok medverkande til at han i januar året etter, medan han var om bord «Langfjell» i bruksvakthaldet, fekk telefon frå Rieber om han ville vere med «Fortuna», skipper Charles Robertsen som førsteskyttar i Vesterisen, for så ta over som skipper etter Charles. «Du kan skjønne æ var jævlig stolt, «Fortuna» var jo sjølve Brura». Det vart gode turar i Vesterisen, Klappmyssforsking i Danskestretet, avløysingsekspedisjonar til utestasjonane, andre ekspedisjonar, safariturar og sommarfangst Nordisen og ein minnerik sommar i forsyningsteneste for dei franske oljeborarane på Edgeøya. Desse åra fekk Paul ord på seg for å vere ein som ikkje sparte verken seg sjølv eller skuta. «Det var mange som aldri brukte motorane for dei skulle spare på skuta, mens fangsten låg innanfor å venta»,  var Paul sine ord, før han la til:  «Æ måtta skikka meg brukbart, for da vi var i Bergen med ein skinnlast i 1974 kom Christian Rieber og tok meg til sides. «Sjannøy» var til sals, og no ville han at eg skulle kjøpe ho, penger skulle eg få av han.» Paul kjøpte i «Sjannøy» og kalla den «Polarfangst». Åra med treskutene «Fortuna og «Polarfangst» var kjekke år, trass i kvoter var det likevel eit snev av eventyr over fangsten. Toktleiar Øritsland innførte meldeplikt med bl.a. posisjon og fanga dyr kvar kveld. Paul var ein av dei som likte dette dårlig, så han tok heller lett på denne rapporteringa. Stort sett gjorde han gode turar desse åra, og var ofte første skute heim. Mange av mannskapet på «Fortuna» vart med Paul over på «Polarfangst». I 1980 forliste «Polarfangst» i Vesterisen.

I 1982 var Paul attende i Vesterisen med den nye «Polarfangst», tidligare «Jan Mayen» og «Heimen 1». Det vart år med merking av sel  i like stor grad som fangsting, sidan år med fangst av berre vaksne dyr og ikkje diande ungar. Denne skuta eige han til 1997. Han fekk eit bod på skuta og rekekonsesjonen, og på bakgrunn av eiga helsetilstand, trudde han at hans tid i isen var omme. Så gjorde «Polarstar» to gode turar i isen, og det var litt ny blest i selfangsten, og då «Geo Boy», ex «Polaris» og  «Aurora» var for sal, så kjøpte Paul den og kalla ho «Polarboy». Det vart to Vesteristura og ein fantastisk sommar i turistfart på Svalbard før helsa sette stopp for Paul sitt ishavsliv.

I 1953 og -54 var Paul med «Polarsirkel» på Newfoundland. Då «Quest» forliste på New Foundland i 1962 var Paul førsteskyttar og styrmann. Det var ingen stor dramatikk, meint han, det gjekk suksessivt. «Einaste som er å fortelje frå det, var at æ berga barrisen hass Schakleton, det har æ hengandes på hytta». I 1970 var Paul attende på Newfoundland,  no som styrmann på stålskuta «Asbjørn». Dei slår hol i skuta og det vert ein del dramatikk før heile mannskapet er trygt berga om bord i «Melshorn». Ein god del av mannskapet går på isen og desse held på å bli førd til havs på flaket dei står på. Mange år etter var det den situasjonen og tanken på kor forferdelig det hadde vore om desse hadde forsvunne, som sat sterkast i minnet frå forliset. «Av fire turar til Newfoundland vart det to forlis, sånn sirka halvparten», la Paul lakonisk til då vi prata om det.

Skutene Paul reiste med var : «Askeladd 1″, «Polarsirkel», «Quest», «Polarulv», «Godønes», «Polarheimen», «Asbjørn», «Blueback», «Fortuna», «Polarfangst»( ex «Sjannøy»,) «Polarfangst» ex («Heimen 1», «Jan Mayen») og «Polarboy»,  (ex» Geo Boy», «Aurora», «Polaris», «Polaris V»).

Å minnast Paul Stark med tal og årstall vert feil. Paul var ein fargerik ishavsmann, med meiningar og ikkje minst mot og røyst til å presentere dei. Vi som fekk høyre han i radioen i Vesterisen når det Danske overvakingsflyet flaug lavt over isen og skremte dyra, vi hugsar det! Sjølv arbeida han seg opp i frå ingen ting, og i følgje han sjølv har han alltid vore ein som likte at  «underdogs» slo til. Han var vand med at fortenesta var noko ein henta frå arbeid, «eg var alltid ein mykje flinkare arbeidsmann enn forretningsmann», kunne han seie med eit smil kring munnen.

I sitt virke var han også av dei som etterretningstenesta hadde rusta ut med kamera og linse for at han skulle fotografere framande farty på sin ferd. Dette var ikkje noko han la særlig vekt på, hans liv var å segle langs iskanten helst i stilla, passere små is-strimlar, turkis himmel og blått hav, stå i toppen og kikre med eit inderlig ønske om å sjå nokre svarte prikkar ein eller anna plass inne i isen, fortalte han.

Eg vart kjend med Paul medan eg arbeidde med «Ishavsfolk si erfaring», og etter hans aktive karriere var over. Vi fekk god kontakt, og vi har sidan halde kontakta. Eg var alltid velkomen i Kroken, det var interessant å høyre Paul fortelje, så det gjekk med mange koppar kaffi og vaffelkaker på ein slik kveld. Han la ikkje skjul på at helsa skranta, det vart mange sjukehusopphald, trass i dette  heldt han på humøret, og skøya også om døden som er den mest alvorlege delen av livet.

Eg er takksam for eg fekk verte kjend med Paul, takksam for kunnskapen han delte av, og ikkje minst glad for dei mange gode historiene han fortalte.

Kvil i fred.

Brandal 24.09.14

Johannes Bjarne Alme