Boklansering: Fangstmann av Johannes Alme

Johannes Alme fra Brandal har nettopp sluppet ei ny ishavsbok, Fangstmann, som han presenterer i Tromsø torsdag 1. desember på Hotell With kl. 19.  Alle ishavsinteresserte er velkommen. Det blir sjølvsagt anledning til å kjøpe boka.

Slik presenter Johannes Alme boka:

Til lesaren av romanen Fangstmann

Boka Fangstmann er ein roman, altså dikting – fri fantasi, som er forma til roman.

Alle personene om bord «Fangstmann» er dikta personer, med eigenskapar som høver inn i forteljinga. Eventuelle likskap med nokon du kjenner er i fall reint tilfeldig. Like så er namn på skuter dikta. Unntaket er i historisk korrekte samanhengar, som td. «Quest» og «Asbjørn» sine forlis.

Alt som skjer om bord «Fangstmann» er dikt og lygn.

Den delen av romanen som tek føre seg historie og fakta omkring selfangsten er derimot etter beste evne så korrekte som mulig.

Om nokon skulle vere i tvil, heile denne forteljinga er skriva med den største respekt for, og i stor kjærleik til den norske fangstmannen (som i praksis no er borte.)

I arbeidet med boka Ishavsfolk si erfaring møtte eg mange flotte ishavsfolk. Ein av desse var Paul Egil Stark (1934–2014 ) i Tromsø. Vi vart gode vener. Paul var ein fargerik person som gav meg innsyn i sitt rikhaldige ishavsliv.

Beklagar Paul, eg skreiv aldri den biografien «som halve landsdelen sitt å vente på, for å les om kordan æ lyg. Det blir en bestsæller!», som du så humoristisk sa. Forteljinga om «Fangstmann» vart til, inspirert av deg og ditt fargerike ishavsliv.

Brandal, oktober 2016

Johannes Bjarne Alme