Ishavskuta «Brattind» lokalisert

Tverrfagleg samarbeid løyste gåta om vraket på Island. Det var ishavsskuta «Brattind» av Tromsø, «Videy» fant.

Fangstskuta «Brattind»

«At ein no har funne vraket av ei av 1952- skutene, er kort og godt ein sensasjon», seier dagleg leiar ved Ishavsmuseet Aarvak, Webjørn Landmark.

Det var mellom 2. – 6. april i 1952 at fem skuter frå Troms og Sunnmøre forsvann sporlaust under ein orkan i Vesterisen. Frå Troms:  «Brattind» med 14 mann, «Ringsel» med 14 mann og «Vårglimt» med 16 mann. Frå Sunnmøre: «Buskø» med 20 mann og «Pels» med 14 mann. Skip og fly leita i lang tid, utan å gjere funn som kunne kaste lys over katastrofen. 71 år etter gjorde den islandske trålaren «Videy» eit vrakfunn. Dette syner seg å vere ishavsskuta «Brattind».

Dagleg leiar ved Ishavsmuseet Aarvak, Webjørn Landmark, kallar funnet av «Brattind» ein sensasjon, og er svært tilfreds med at funnet har kome til Ishavsmuseet Aarvak.

  • Det er eit svært sjeldan funn, og at det syner seg å vere frå 1952 katastrofen, er svært gripande, seier Landmark, og legg til:
  • Etter 71 år er dette første funnet frå dei fem skutene som forsvann då. Dette er langt meir enn eit vrakfunn, det gir etterlatne eit svar, og vil stå som eit varig minne over katastrofen i 1952.

Johannes Alme er den som har vore tettast på arbeidet med å finne svar på kva skute det var. Han uttalte etter vrakfunnet hausten 2023 at det kunne vere frå 1952. Etter å ha studert mykje dei siste månadane synast han det var godt å endeleg få svar.

  • Svaret er ei stadfesting på det vi hadde funne og trudde, seier Alme, som er klar på at denne gåta aldri hadde vorte løyst utan godt tverrfagleg samarbeid å ulike fagmiljø.

Han forklarer at funnet syner at mannskapet klarte  å snu «Brattind», og sløra truleg eit par døgn før skuta gjekk ned.

  • Då stadfestinga på årringsdatering frå dendrokronolog Andreas Kirchhefer kom, vart det sterke følelsar, også tårer. Det var endeleg, det var ikkje berre eit vrak. Det var eit funn av ei skute med 14 mann, som har kjempa for livet i fleire døgn. Ein kamp som er uråd for oss å skjøne, seier Alme.
Johannes Alme

Omfattande identifiseringsprosess

Vraket av «Brattind» vart funne tidleg i oktober 2023. Sidan har vrakdelane ved god hjelp frå reiarlaget, islandske styresmakter og økonomisk bidrag frå G C Rieber Fondene, kome til Ishavsmuseet Aarvak på Brandal. Med funnet på plass, gjekk arbeidet med å identifisere skuta inn i ein ny fase. Saman med Fartøyvernsenteret i Hardanger – Morten Hesthammer og Sarah Galberg Sjøgreen, vart kvar bit undersøkt, og det gav svært nyttig informasjon. Her må nemnast:

  • Der var trefiberplater (huntonit) – som ikkje vart produsert før etter 1932.
  • I funnet var der ishud, hudplankar, spant, garneringsplankar, bjelkar, stikkbjelkar, og kravell under lasteluka. Av dette kunne vi slå fast at luka var 1,7 x 2,4 meter. Med å legge saman dei ulike delane kunne vi slå fast at skuta si bredde ved luka var ca. 6,04 meter (inkl. ishud)
  • Det vart funne ein ishudplanke av eik, med fire utsparingar for røstjern. (Feste for riggstag.)
  • Furu og byggemetode indikerte norsk / vestland bygd skute. (Ref.Fartøyvernsenteret)
Morten Hesthammer ved Hardanger Fartøyvernsenter undersøker vrakrestene ved Ishavsmuseet Aarvak.

Med den informasjonen, vart forlis etter 1932 med skutebredde kring 6 meter på ny gått gjennom. Dei mest aktuelle var dei tre minste skutene frå 1952.

Heilt sidan funnet vart kjend, har Ishavsmuseet arbeida for å finne konstruksjonsteikningar(slik skutene var i 1952) for alle dei fem skutene som forsvann i 1952. Dette har ein ikkje lykkast med.

  • «Pels» var bygd om i Noreg, og litt smalare enn funnet. (Kjenningsbredd 19,7 Engelske fot og tidelar = 6,005m.)
  • Ishavsskuta «Brattind» låg saman med ishavsskuta «Arild» morgonen 4. april. I Sjøforklaringa var det sagt at «Brattind» truleg forliste den 4. april. Dette er også nemnt i intervju med andre frå «Arild». Kjenningsbredda til skuta var lik funnet. (19,8 Engelske fot og tidelar = 6,035 m)
  • «Ringsel» var sagt å vere så godt som lasta då orkanen i 1952 kom. Kjenningsbredda på skuta er litt større enn funnet. (20,1 Engelske fot, og tidelar = 6,126 m).
  • Av dei tre skutene var det berre «Brattind» som hadde fire røstjern. Bredda på skuta og fire røstjern, peika mot «Brattind». Utsegnene frå «Arild» skapte tvil.

Kort tid etter besøket frå fartøyvernsenteret vart ti ulike materialprøver sendt til dendrokronolog Andreas Kirchhefer for årringsdatering. Dette i eit forsøk på å bestemme material, vekstområde, alder og høgstår. Etter ei tid fekk han fleire treff som gav meining. Tre av prøvene av furu synte at treet hadde vakse i området «Vest- eller Sørlandet», med høgstår vinterhalvåret 1890/91. Eikestokken med dei fire utspringane vart høgd vinterhalvåret 1951/52. Vidare var der to treff på gran, høgd tidlegast 1924/25, og etter 1940. Med funn i 1951/52, er alle tidlegare forlis utelukka.

På grunnlag av dei fysiske funna, saman med høgstår, kan vi slå fast at vraket er ishavsskuta «Brattind».

Det mykje omtalte rattet vart truleg montert i samband med ombygginga i 51/52, og skuta forliste på første turen. Då gir det meining at ingen har drege kjensel på rattet.

Staden der vraket vart funne er gravplassen til 14 norske selfangarar.

Ishavsmuseet Aarvak vil opne utstillinga av funnet måndag 27.mai. I den samanheng vil museet orientere vidare om funnet.

Mer om katastrofen i Vesterisen 1952 finnes her: https://www.ishavsmuseet.no/…/paskeorkanen-i…/