12. november 2025 kl. 19:00 – 20:00

Thule, lengst nordvest i Grønland, har ein sentral plass i polarhistorien. Herfrå drog Robert Peary, Frederick Cook, Eivind Astrup, Knud Rasmussen, Peter Freuchen og mange andre ut, enten det var for å kartlegge den nordlegaste delen av Grønland, for å nå Nordpolen, for å leite etter Franklin-ekspedisjonen, imperialisme eller anna. Felles for alle var at dei var avhengige av inughuit/polareskimoane for å nå sine mål.
Framleis lever den unike fangarkulturen og den kunnskapen som mogleggjorde mange av dei store polarhistoriske bragdene, ganske isolert og langt nord for alt anna.
Bli med når Bjørn Hesthamar, som har besøkt dette folket fleire gonger både sommar og vinter, fortel om møtet med denne eineståande kulturen.

Bjørn Hesthamar har ei særleg interesse for historia og kulturen knytt til Thule-regionen. Det har ført han tett på dette folket som framleis lever sine liv lengst nord, m.a. gjennom fleire lange vinterturar saman med lokale fangarar.
Velkommen til Polarmuseet!